-
De eldste skriftlege kjeldene vi har stammar frå ca. år 200-400.
-
Gullhorna, to drikkehorn av gull, vart funnen på Jylland. Horna er truleg frå ca. 400 e.Kr. Dei var av ulik storleik og dekorerte med forskjellige motiv. Dekoren bestod av menneske-, dyre- og fabelfigurar samt geometriske motiv. Det korte hornet hadde ei runeinnskrift: Ek HlewagastiR holtijaR horna tawido. Dette vart tolka slik: «Eg Legjest, frå Holt, lagde hornet.»
-
Eldre norrøn tid, eller vikingtida, vart innleia ved åtaket på klosteret på Lindisfarne i år 793. Slaget på Stiklestad i 1030, der Olav den heilage døydde, markerer ein overgang mellom åsatru og kristendom i Noreg. Slaget ved Stamford Bridge i 1066, der kong Harald Hardråde døydde, reknast som slutten på vikingtida og innleiinga på mellomalderen i Noreg.
-
Det kom et skip til Bjørvin i 1349 ...