Vikingeskib

Norrøn tid

  • Period: 200 to 800

    Urnordisk

    Urnordisk blei brukt i det første tusenåret etter Kristus, og er det eldste språket vi veit om i frå Noreg. Det er skrive på urnordisk i Noreg, Sverige og Danmark. Urnordisk bestod av korte runeinnskrifter med lange, vokalrike og klangfulle ord med mange stavingar. Det er funne kring 200 runeinnskrifter på urnordisk over heile Skandinavia, og nokon av dei viktigaste er; Innskriftane frå Gallehus, Innskriftane frå Einang og Innskriftane på Kjølevik.
  • 400

    Innskriftene frå Gallehus

    Innskriftene frå Gallehus
    Innskrifta på gullhorna frå Gallehus er det best kjende eksempel på urnordisk språk. Gullhorna bestod av to drikkehorn i gull som var frå romersk jarnalder. Dei blei funne kvar for seg ved Gallehus, nesten hundre år etter kvarandre. Dei blei stole i 1802 og smelta om til smykkar, skospenner og nipsagoder. Dei som hadde kjøpt dei om-smelta gjenstandane leverte dei tilbake, så blei gullet smelta om igjen. På det eine hornet var det innskrifta "Eg, Legjest skogmann, gjorde hornet" på urnordisk.
  • Period: 750 to 1100

    Skaldar

    Skald var ein norrøn diktar, poet og historieforteljar. Dei arbeidde ofte for kongar og høvdingar med å gjenfortelje historiar om stordådar. Det var ikkje skaldane som skreiv ned kvadene, men fortalde dei eller song de ut, så det høyrer til den munnlege historietradisjonen. Det var nokon kvad som blei hugsa og gjenfortalt igjennom fleire generasjonar at dei tilslutt blei skrive ned kring 1100-tallet. Det er kjend kring 250 skalder, dei fleste var menn, men kvinner kunne også kvede.
  • Period: 750 to 1050

    Eldre norrøn tid

    Språkhistorien har samanheng med politiske hendingar og endringar, og det var ulik utvikling og ulike samfunnslag i byane og på bygda. Det var både munnlege og skriftlege endringar i språket, og språket bestod av runeinnskrifter og skaldekvad. Språket vart påverka av vikingferder og utflytting, og det var ein gjensidig påverknad. Vikingtoktene tok slutt kring 1000-tallet; kristendomen innføres og kongemakta etablerer seg.
  • Period: 750 to 1100

    Skaldekvad

    Skaldekvad er ein type norrøn diktekunst, den stod sentralt i vikingtidas samfunn og kultur. Dette var høgt vurdert, og gode kvad blei lønt bra. Dei fleste skaldedikt blei overlevert igjennom Heimskringla. Dei finst også i islendingesagaene, og er knytte til personar og hendingar i denne tida. Dikta er korte, alltid i bunden form og varierer fra kjærleiksdikt til nidviser. Skaldekvadene er annleis frå Eddadiktene ved streng metrikk, fyldig stil av sjeldne ord og omskrivingar.
  • 793

    Angrepet på Lindesfarne

    Angrepet på Lindesfarne
    Angrepet på Lindisfarne vert rekna som starten på vikingtida. Kring 100 norske vikingar frå to skip gjekk i land på stranda, og munkane var ikkje noko kamp. Munkane bad til sin herskar da dei fall, men vikingane tok ikkje omnsyn til deira bønn, og dei sparka ned kyrkjedøra til slutt. Munkane som framleis var i live blei sparka og hogd i hel, det seiast at ingen munkar blei spart. Vikingane rana et velutvikla kyrkjesamfunn med stor formue av heilage gull og sølvgjenstandar.
  • Period: 793 to 1066

    Vikingtida

    Vikingtida har fått namn etter vikingferdene, og det første vikingangrepet hende mot klosteret Lindisfarne i Nord-England i 793. Vikingane var prega av plyndring og handelsferder, i denne perioden var handel viktig. Ære var eit begreip med høg verdi, og samfunnet bestemde kva ein var verdt. Oppgjer i feidar blei løyst med blodhemn eller bøter. Vikingsamfunnet var eit ættesamfunn, og eit rangsamfunn kor man blei fødd til status. Øvst i samfunnet var høvdingane, mens trælane var lågast.
  • 800

    Norrønt

    Norrønt
    Norrønt var vikingane sitt språk, og det vart brukt i det norrøne området frå ca. år 800 til år 1350. Kring år 600 starta det urnordiske språket å endre seg til ein nyare form, stammevokalane fall bort, omlyd og brytning blei ein ny del av språket. Bøyningmåten blei meir skiftande, det oppstod bøyningar med veksling mellom med og uten omlyd og bryting i kasus. Ein del ord utvikla seg; eks bjørn, var bernuR på urnordisk, men endra seg til bjǫrn.
  • 800

    Beowulf

    Beowulf
    Beowulf er eit angelsaksisk heltekvad, som vil seie at det er nedskrive på gammelengelsk. Det er eit av dei eldste gammelengelske litteratur, og er kjende for å vera for langt. Diktet omhandlar ein helt (Beowulf) frå Götaland som sigrar Grendel, og vende tilbake til Götaland og blir krona til konge.
    Det seiast at tektsten først ble overlevert munnleg, og derfor er diktaren ukjend.
  • Period: 850 to 932

    Harald Hårfagre

    Harald Hårfagre var den første kongen over større delar av Noreg, og var riksamlaren som alle seinare tronkrevere hevda å stamme frå.Namnet kjem på grunn av at han nekta å klippe hår og skjegg før rikssamlinga var gjennomført.I eit skaldekvad blei han sett på som ein streng herre, som tok all skatt og odel.Det seiast at hans harde styre gav folk lyst til å flytte til Island.Harald tok et tog til de skotske øyar for å slutte forbund med kongen av England,for å sikre sitt rike mot vikingeangrep.
  • 900

    Den eldre Edda

    Den eldre Edda
    Den eldre Edda er nemninga på dei aller eldste skriftene i norrøn litteratur, og namnet indikerer at det er gammal dikting da "Edda" tyde oldemor. Dette er ei samling av helte- og gudedikt, kor dei blir delt inn i grupper. Dikta fortel om gamle dagar, og blei nedskriven på Island, Edda dikta er i hovudsak hente frå den norrøne mytologien, og gudane i den norrøne mytologien står sentralt i dikta.
    Dei mest kjende dikta frå Den eldre Edda er "Voluspå", "Trymskvida" og "Håvamål"
  • Period: 930 to 1300

    Islendingesagaer

    Islendingesagaene handlar om ulike slekter i landnåmstida, da Island blei folkesett frå Noreg. Sagaene blei nedskrive på 1200- og 1300-tallet, og det er kring 30 og 45 sagaer bevart. Islendingesagaene er Noregs einaste samla, originale bidrag til verdslitteraturen. Sagaene er basert på rik munnleg tradisjon, og forteljast i strengt kronologisk orden. Den største, og rikaste islendingesagaen er Njåls saga.
  • Period: 950 to 1015

    Njåls saga

    Njåls saga er skrive i ca. år 1280, og går føre seg sør på Island ca. år 950-1015. Den handlar om vennskapen mellom Njål og Gunnar, som stadig setjast på prøve av slektningar som ville kompensere for ulike krenkingar. Sagaen kan delast inn i to hovuddeler, kvar Gunnar først er hovudperson. Så er Njål hovudperson i andre del. Nokon deler også inn sagaen inn i tre delar, kvar den siste delen er om Kåres hemnferd. Sagaen beskriv utviklinga av fleire blodfeider.
  • Period: 968 to 1000

    Olav Tryggvason

    Olav Tryggvason var ein norsk konge, og ifølge sagatradisjonen var han sønnesønns sønn av Harald Hårfagre. Olav kom til Trøndelag i 995 saman med hærfolk og rikt gods. Han blei teke til konge etter mordet på Håkon Jarl. Olav fikk innført kristendomen i delar av sitt rike, på Island, Grønland og Færøyene. Han er også kjend for å ha starta norsk mynthistorie. Olav var kjend som ein stor krigar og idrettsmann, og er ein av dei store heltekongane.
  • 1030

    Olav den Heilage

    Olav den Heilage
    Olav Haraldsson var ein vikinghøvding og norsk konge. Han var den siste av dei tre misjonskongane, og organiseringa av den første kyrkja er knyta til han. Olav gjorde forandringar i det sentrale styringsapparatet, som gjorde stor nytte for å få eit stabilt styre. Etter slaget på Stiklestad blei han kåra til Helgen, og var Nordens fremste Helgen i mellomalderen. Han blei oppfatta som Noregs evige konge.
  • Jul 29, 1030

    Slaget ved Stiklestad

    Slaget ved Stiklestad
    Olav Haraldsson (Olav den Heilage) braut opp frå Russland for å vinne tilbake kongeriket, da samla motstandarane i Trøndelag opp ein hær som seiast å ha vore dobbel så stor som kongshæren. Hærane møttest og Olav døydde, et år etter fekk han ei Helgenerklæring. Han blei gravlagt ved slagsstedet, og når han fekk Helgenerklæringa grov dei han opp igjen, hans lik var framleis like "friskt" som da han døydde. Dette er framleis et mysterium. Slaget blei eit vendepunkt for kristendomen og kongedømme.
  • Period: 1050 to 1350

    Yngre norrøn tid

    Kristendomen og kongemakta var fast etablert, og det hadde stor tydning for språket. Bøker og dokumenter blei skriven på pergament med fjærpenn. Noreg hadde ei storheitstid på 1200-tallet med reiser og utflytting, dei møtte andre kulturar og fekk stor lærdom. Dette hadde ei tydning på vårt språk, vår kultur, religion og dikting. Det blei skriven kongesagaer, eddadikt, lovverk, religiøse skrifter og brev. Nokon eksemplar på dei er; Rolandskvadet, Snorres kongesagaer og Kongsspegelen.
  • 1066

    Harald Hardråde

    Harald Hardråde
    Harald Hardråde er ein av dei norske kongane som har hatt størst tyding i den eldre historia, han var også med å kjempa i Olav den Heilage sin hær på Stiklestad i ein alder av 15 år. Han rømde deretter, og hamna i den bystantiske keisarens teneste kor han kjempa for keisaren på Sicilia. Han kom tilbake til Noreg og blei seinare einekonge over Noreg. Han er kjend som ein konge som styrte med hard hand, var viljesterk, og var ein mann med stor gjevnad og dryge planar.
  • Sep 25, 1066

    Slaget ved Stamford Bridge

    Slaget ved Stamford Bridge
    Det seiast at dette slaget var slutten på vikingtida. Den norske kongen Harald Hardråde sette i gang slaget, sjølv om hans menn visste at slaget var allereie tapt. Harald skapte frykt mellom engelskmennene, og gjekk åleine i kamp over ei bru. Harald visste óg at dei vilje tape, og han ynskte å døy åleine. Han hadde ikkje ein sjanse og døydde, saman med fleire titalls nordmenn.
  • Period: 1130 to 1240

    Borgerkrigstida

    Da Sigurd Jorsalfars døydde oppstod det ein konflikt mellom hans son Magnus og Harald Gille. Man trudde konflikten var over da Magnus Erlingsson blei krona til konge av kyrkja, men da Sverre kom til Noreg i 1177 starta ein ny konflikt om trona. Sverre blei einekonge i 1184, påfølgt av ein stillingskig mot baglarane frå 1196. Partane nærma seg kvarandre etter Sverres død, men den siste konflikten mot kongemakta blei ikkje avslutta før i 1240
  • 1150

    Rolandskvadet

    Rolandskvadet
    Rolandskvadet er det mest kjende heltediktet, og det eldste bevarte franske heltedikt. Det omhandlar Karl den store og dei tolv kjempane hand. Diktet finst i fleire versjoner, og er oversatt til norrønt.
  • Period: 1150 to 1202

    Sverre Sigurdsson

    Sverre var ein omstridd norsk konge. Han var fødd i Noreg, men oppvaksen på Færøyene. I 1176 drog han til Noreg, blei leiar for birkebeinarane, kvar dei kjempa seg fram til Nidaros og sigra kong Magnus. Han kjempa igjen i 1179 ved slaget på Kalvskinnet, og året etter ga kong Magnus opp Trøndelag. Sverre blei einekonge i 1184. Han blei bannlyst av Erkebiskopen, som er bakgrunn for "kong Sverres Tale mot biskopene". Sverre drog på flykt for baglarane, og uten siger døydde han i 1202.
  • 1200

    Snorres kongesagaer

    Snorres kongesagaer
    Teksten heiter Heimskringla, men kallas også Snorres kongesagaer fordi den inneheld sagaene om dei norske kongane fra Halvdan Svarte til kong Sverre. Det er Snorre som har skrive verket, og han har skreve det viktigste historiske verket i den norrøne tid. Sagaen består av totalt 17 kongesagaer, og det er ei blanding av historie og dikting. Den mest omfattande sagaen er "Olav den helliges saga"
  • Period: 1204 to 1263

    Håkon Håkonsson

    Håkon var ein norsk konge som regjerte over det største området, han sat på trona i 46 år. Ifølgje Baglersaga blei han anerkjend som kongssønn og fostra av kong Inge Bårdsson. Da Inge daude blei Håkon teke til konge, det var ein lang strid om trona, og i 1239 blei den avslutta. Da var det eit oppgjer mellom Håkon og verfar Skule. Håkon innførte loven om at eldste ektefødte son skulle vere einekonge.Kongstida til Håkon blei skildra i ein saga, og er den mest detaljrike og pålitelege kongssagaen.
  • 1250

    Kongsspegelen

    Kongsspegelen
    Kongsspegelen er ei læreskrift i samfunnskunnskap og samfunnsmoral, og høyrer til den høviske litteraturen. "Å vere høvisk" tyder å oppføre seg på ein edel og moralsk måte. Den er utforma som ein dialog og skal gje råd til korleis man skal oppføre seg. Kongsspegelet høyrer til den siste perioden i norrøn litteratur, og forfattaren er ukjend, men viser stor kunnskap om det han skriv om. Det seiast at boka var tiltenkt for sønene til kong Håkon Håkonsson.
  • 1349

    Svartedauden

    Svartedauden
    I 1349 kom svartedauden til Noreg, og det blei ei katastrofal tid for landet. Kring 2/3 av befolkninga daude, og det var ikkje lengre mogeleg å opprettholde Noreg som ein sjølstendig stat. I 1380 blei Noreg ein union med Danmark. Det var ikkje lengre muleg å oppretthalde det språklege og kulturelle fellesskapet med Island da det låg så isolert. Slik forsvann røtene til den rike norrøne litteraturen.
  • 1350

    Det norrøne språket døyr ut

    Det norrøne språket døyr ut
    Det var berre éin prosent av nordmennene som kunne skrive før svartedauden, og dei fleste av dei var prestar og munkar. Dei blei ekstra hardt ramma av pesten da dei hadde mykje kontakt med dei syke. Frå 1300-1500 vart det nesten ikkje nedskrive noko skjønnlitterært i Noreg, det fanst nesten berre sakprosa som i hovudsak var private og offentlege brev. Dei offentlege breva blei kalla diplomer. Dei greidde da ikkje å videreføre språket, og det daude ut.
  • Norrønt / moderne norsk - likskap/skilnad

    Norrønt / moderne norsk - likskap/skilnad
    Norrønt har fleire bokstavar enn moderne norsk: Þ Th(ink), ð Th(en). Det var mange ulike formar av same ord, det var altså eit kasusspråk; nominativ, ginitiv, dativ og akkusativ. Norrønt bøyar verba i person og tal, og har ei friarar ordstilling (i moderne nosk har orda sin faste plass): Adjektivet står ofte etter substantivet i norrønt, og det kan ha setningar utan subjekt.