-
Britane etablerte 13 kolonier i Nord-Amerika. Dei 13 koloniane var Georgia, South Carolina, North Carolina, Virginia, Maryland, Delaware, New Jersey, Pennsylvania, New York, Connecticut, Rhode Island, Massachusetts og New Hampshire. -
-
I 1763 tok sjuårskrigen, som britane hadde vore med i, slutt. Storbritannia var i ei økonomisk krise. Sjuårskrigen hadde kosta dei mykje peng. Dette hadde ført til at statskassen var tom og dermed ønskte det britiske parlamentet fleire skattar for å dekkje utgiftene frå sjuårskrigen. Amerikanske kolonistar gjorde opprør mot britiske overherredømme fordi det oppstod ein strid om økonomien og handelen deira. -
Kolonistane måtte frakte bomull, sukker og tobakk til Europa via britiske hamner, og dei fekk ikkje handle med kven dei ville sidan varer frå Europa til koloniane berre kunne fraktast via britiske skip. Britane skattla kolonistane for å dekkje utgifter dei hadde hatt under sjuårskrigen. Det blei også innført avgifter og toll på papir, glas, vin og te. Kolonistane trengte ikkje vern av britane etter sjuårskrigen og boikotta dermed varene deira. -
1 1773 kledde nokre kolonistar seg ut som indianarar og storma nokre britiske skip med fleire tonn last av te. Dei kasta lasta over bord. Dette enda med full krig. Dette blir kalla for «teselskapet i Boston» eller som dei fleste kjenner det som «The Boston Tea Party». -
John Locke sitt folkesuverenitetsprinsipp gjekk utpå at all makt måtte komme frå folket, og folket har rett til å gjere opprør mot eit tyrannisk styre. Han tok utganspunkt i naturretten som sa at alle menneske var fødde med visse grunnleggjande, natur gitte rettar, mellom anna retten til liv, fridom og eigendom. -
Uavhengigheitserklæringa var basert på ideala i opplysningstida. Det sentrale i tenkinga i opplysningstida var fornuft, friheit, forlkesuverenitet og korleis menneska burde organisere og styre samfunnet. Dette var vedas første menneskeheitserkæring, og førte til at USA blei ein eigen stat. -
I 1778 blei USA godkjent av Frankrike som sjølvstendig stat og dei fekk store troppstyrkar av Frankrike. Då gav britane opp krigen. -
Montesquieu lagde maktfordelingsprinsippet som gjekk utpå at ein skulle dele den utøvande, lovgivande og dømmande makta slik at det hindra maktmisbruk. Han meinte at fridommen alltid ville vere trua dersom all makta var samla av ein person eller organisasjon. -
Hovudinnhaldet i den amerikanske grunnlova av 1787 var at dei brukte maktfordelingsprinsippet. Kongressen fekk lovgivande og løyvande makt, presidenten (som var folkevald, (George Washinton)) fekk utøvande makt og domstolane fekk dømmande makt. Det var også berre kvite menn over 25 år som fekk røysterett. Kvinnene var ikkje eingong nemnd i grunnlova.