Framveksten av dei politiske partia

By tirilme
  • Venstre

    Striden om parlamentarismen.
    Eliteparti. Sosialliberalismen - aktiv stat for å skape sosial rettferd og reell fridom for alle. ønsker ein aktiv stat til å kjempe mot sosial urettferd i samfunnet, men ikkje at staten og utvalde org. skal få for mykje makt på bekostning av enkeltmennesket og mangfaldet i samfunnet. Mål: enkeltmennesket sin fridom.
    Demokrati, ytringsfridom, org.fridom og trusfridom
  • Høgre

    Striden om parlamentarismen.
    Eliteparti. Konservativt parti. Bevare tradisjonelle verdiar i samfunnet, endringar må ikkje skje for fort. Sterk rettsstat som ivaretek enkeltmsk. og mindretalet sine rettar, sikrar grunnleggande fridomar. Ønsker å sikre eit sterkare og meir spreidd privat eigarskap enn idag.
  • Arbeiderpartiet

    Arbeiderklassa.
    Masseparti. Stifta som eit sosialistisk parti, idag sosialdemokratisk. Bygger på eit sosialt, demokratisk humanistisk og samfunnskritisk grunnlag --> inneber at viktige samfunnsoppgaver blir løyste i fellesskap og målet er eit samfunn med fridom og like muligheiter for alle.
    Nøkkelord: fridom, likskap og solidaritet Ein sterk offentleg sektor skal finansiere fellesgoda. Progressivt skattesystem skal sikre økonomisk omfordeling. Rettar seg etter forholda (pragmatisme)
  • Bondepartiet, seinare Senterpartiet

    Utgangspunkt i bøndene sin interesseorganisasjon. I partiprogrammet legg partiet ingen av dei kjende ideologiene til grunn. Verdigrunnlag: bygge samfunnet nedanfrå. Ønsker ei desentralisering av eigedomsrett, makt, kapital og bosetting. Ønsker større likestilling mellom ulike grupper av samfunnet, motstandarar av dei frie marknadskreftene og økonomisk liberalisering. Mål: utvikle eit samfunn av frie, sjølvstendige msk.
  • Norges Kommunistiske Parti

    Ap slutta seg til Komintern i 1917. I 1923 ønska fleirtalet å bryte med Komintern, og mindretalet danna Norges Kommunistiske Parti.
    Celleparti
  • Nasjonal Samling

    Vidkun Quisling. Nært samarbeid med tyske okkupantar. Fekk mange medlemmar då andre norske parti var forbodne. Etter frigjeringa vart NS forbode, og Quisling dømd til døden.
  • Kristeleg Folkeparti

    Misnøye ved at Venstre svikta kristne verdiar. Kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi. Alle msk. er like mykje verdt. Kamp mot all diskriminering og utnytting. Ønsker ei restriktiv gen- og bioteknologilov, motstandarar av lova om sjølbestemt abort.
  • Sosialistisk Folkeparti, seinare Sosialistisk Venststreparti

    Danna med utg.pkt. i at ein del folk vart ekskludert frå Ap. Ønsker eit samfunn bygd på andre verdiar og behov enn kapitalismen. Ønsker at kapitalismen og marknadskreftene skal erstattast av solidaritet, rettferdig fordeling, miljøomsyn og utvida økonomisk og politiske demokrati. For ein offentleg sektor kor staten skal styre kapitalen og vareproduksjonen og fordele makt og materielle gode. Fokus på miljøvern og bærekraftig utvikl.
  • Arbeiderenes Kommunistisk Parti (AKP), Rød Valgallianse (RV). Seinare Rødt

    Erklærte seg som eit revolusjonært parti, ønska å hindre at overvakingspolitiet skulle kunne kartlegge medlemma. Sosialistisk parti. Meiner at kapitalismen er hindringa for eit rettferdig og solidarisk samfunn.
    Mål: eit samfunn utan utbytting og undertrykking, reell likestilling mellom kjønn. Avskaffe den private eigedomsretten.
    Ønsker å: Endre maktforholda --> ønsker det arbeidende folket i makt. Dominerande offentleg sektor
  • "Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep", seinare Fremskrittspartiet

    Liberalistisk parti - set enkeltindividet og rettane deira i sentrum. Staten si makt må avgrensast. Sikre ein minimumsvelstand som er ei offentleg oppgåve. Hovudmål: skatter, avgifter og offentlege inngrep skal gå kraftig ned.
  • Miljøpartiet De Grønne

    Uavhengig av dei politiske blokkane. Prioriterer vern av naturen framfor vidare økonomisk vekst. Mål: medmenneskelig samfunn i økologisk balanse. Velferd og livskvalitet vert skapt innanfor rammene av økosystema sine tålegrenser og ut frå omsynet til menneske, dyr og framtidige generasjonar.
    Utforme ein heilskapleg politikk, basert på tre grunnleggende solidaritetsprinsipp: solidaritet med andre mak, solidaritet med framtidige generasjonar og solidaritet med dyr og natur
  • Kystpartiet