-
Den første primitive vaksinen blir brukt mot koppar i Kina. Koppar er ein veldig farleg sjukdom som skuldast koppevirus. Kinesarane laga rift i huda til ein frisk person og gnei inn puss frå ein person med koppar, eller dei påførde kopparpusset på ein bomullsdott og putta han i nasen på personen som skulle vaksinerast. Dei som overlevde denne behandlinga, blei immune mot koppar. Etter nesten 3000 år kom vaksineprinsippet til Europa.
-
Mikroskopet blir funne opp av den nederlandske optikaren Zacharias Janssen. Dette blir særs viktig for den vidare utviklinga av vitskap fordi ein får sjansen til å studere prosessar på mikronivå
-
Ved hjelp av mikroskopet oppdagar briten Robert Hooke plantecella på eit snitt av ein flaskekork. Det blir sagt at plantecellene minna han om cellene til munkane, og at det var derfor han ga dei namnet «celler».
-
Nederlandske Anton van Leeuwenhoek oppdagar mikroorganismane. Van Leeuwenhoek bruker mikroskopet for å studere livssyklusen til fleire små dyr. Han er den første som ser og skildrar bakteriar. Han oppdagar dessutan sædcellene og beskriv dei som små ormar.