-
Ei ca. 7000 år gammal krukke frå det som no er Iran, inneheld restar av noko som truleg har vore vin laga av kvae og druer. Og for 6000 år sidan brygga sumerarane i det gamle Mesopotamia (no Irak) øl. Ølet speler ei viktig rolle i samfunnet. Dei hadde til og med ei eigen gudinne for ølbrygging, Ninkasi. Arkeologar har funne ein leirinskripsjon med ei hymne til Ninkasi, som òg gir oppskrifta på sumerisk øl.
-
Den austerrikske munken Gregor Johann Mendel, «genetikkens far», formulerer arvelovene. Han studerer erteplanta og kjem fram til at eigenskapar blir nedarva gjennom det vi i dag kjenner som gen, og at kvart trekk blir bestemt av to faktorar, der den eine er arva frå mor og den andre frå far. Han ser òg at nokre trekk er dominante, mens andre er recessive. Han legg til grunn at kjønnscellene berre har halvparten så mange gen som vanlege celler.
-
I 1869 blir DNA for første gong identifisert. Det er den 25 år gamle sveitsaren Johann Friedreich Miescher som oppdagar DNA-et mens han studerer fosforrike koplingar i cellekjerna til blodceller. Han kallar koplinga «nuclein» sidan han starta med cellekjerna.
-
Ein oppdagar at det normale for menneske er å ha 46 kromosom. Oppdaginga opnar for å studere samanhengen mellom kromosomavvik og ulike sjukdommar og tilstandar.
Den første beinmargstransplantasjonen blir gjennomført i USA under leiing av E. Donnall Thomas, som i 1990 fekk Nobel-pris for arbeidet. -
Verdas første prøverøyrsbarn blir født i Storbritannia.
-
Framand DNA blir for første gong sett inn i planteceller.
-
En person (en amerikansk voldtektsmann) blir for første gang dømt etter at det blir brukt «genetisk fingeravtrykk».
-
Kloninga av sauen Dolly blir offentliggjort. Dolly, fødd 5. juli 1996, er det første klona pattedyret.