Gen

Bioteknologi

  • 1000 BCE

    Første "vaksine"

    Første "vaksine"
    Den første primitive vaksinen blir brukt mot koppar i Kina. Koppar er ein veldig farleg sjukdom som skuldast koppevirus. Kinesarane laga rift i huda til ein frisk person og gnei inn puss frå ein person med koppar, eller dei påførde kopparpusset på ein bomullsdott og putta han i nasen på personen som skulle vaksinerast. Dei som overlevde denne behandlinga, blei immune mot koppar. Etter nesten 3000 år kom vaksineprinsippet til Europa.
  • Moderne vaksine

    Moderne vaksine
    Den britiske legen Edvard Jenner lagar den første moderne vaksine, ei koppevaksine basert på kukoppar (ein mild variant av kopparvirus). Ordet vaksine stammar frå det latinske vaccina – kukoppar, vacca tyder ku. Utover på 1800-talet og 1900-talet blir det utvikla og teke i bruk vaksinar mot stadig nye sjukdommar.
  • DNA

    DNA
    James Watson og Francis Crick publiserer sin no verdskjende artikkel, der dei beskriv ein modell av DNA-molekylet. Dei foreslår at DNA består av ein dobbeltheliks, der to trådar går i motsett retning, at basane peiker innover, og at A-T og G-C utgjer basepar. Vi veit i dag at dei hadde rett.
  • Kloning

    Kloning
    Kloninga av sauen Dolly blir offentleggjort. Dolly, fødd 5. juli 1996, er det første klona pattedyret.
  • Kreftvaksine

    Kreftvaksine
    For første gong blir ei såkalla terapeutisk kreftvaksine, som bruker levande menneskeceller, godkjend for bruk i Europa. Vaksinen, som blir marknadsført under namnet Provenge, blir brukt til å behandle pasientar med prostatakreft.