Bioteknologi

  • Mikroskop

    Mikroskop
    Mikroskopet blir funne opp av den nederlandske optikaren Zacharias Janssen. Dette blir særs viktig for den vidare utviklinga av vitskap fordi ein får sjansen til å studere prosessar på mikronivå.
  • Charles Darwin

    Charles Darwin
    Charles Darwin gir ut «On the Origin of Species by Means of Natural Selection». Dette verket blir svært viktig for forståinga vår av evolusjon og biologi.
  • DNA

    DNA
    I 1869 blir DNA for første gong identifisert. Det er den 25 år gamle sveitsaren Johann Friedreich Miescher som oppdagar DNA-et mens han studerer fosforrike koplingar i cellekjerna til blodceller. Han kallar koplinga «nuclein» sidan han starta med cellekjerna.
  • James Watson og Francis Crick

    James Watson og Francis Crick
  • Genspleising

    Genspleising
    Genspleising er ein realitet. Amerikanaren Paul Berg konstruerer eit DNA-molekyl som er samansett av gen frå eit virus og ein bakterie. Dette markerer starten på genteknologien.
  • Genoverføring

    Genoverføring
    I USA blir for første gong framande gen overførte til eit dyr (ei mus). I Kina ser den første klona fisken, ei gyllen karpe, dagens lys.
  • PCR-maskin

    PCR-maskin
    Ei DNA-«kopimaskin» – PCR-teknologien – blir funnen opp. PCR gjer det mogleg å kopiere opp store mengder DNA frå biologiske prøver/spor. Metoden er i dag svært viktig i mange typar analysar av arvestoffet. Han gjer det mellom anna mogleg å lage «genetiske fingeravtrykk».
  • Kloning av sau

    Kloning av sau
    Kloninga av sauen Dolly blir offentleggjort. Dolly, fødd 5. juli 1996, er det første klona pattedyret.