-
Ved hjelp av mikroskopet oppdagar briten Robert Hooke plantecella på eit snitt av ein flaskekork. Det blir sagt at plantecellene minna han om cellene til munkane, og at det var derfor han ga dei namnet «celler».
-
Charles Darwin gir ut «On the Origin of Species by Means of Natural Selection». Dette verket blir svært viktig for forståinga vår av evolusjon og biologi.
-
Den austerrikske munken Gregor Johann Mendel, «genetikkens far», formulerer arvelovene. Han studerer erteplanta og kjem fram til at eigenskapar blir nedarva gjennom det vi i dag kjenner som gen, og at kvart trekk blir bestemt av to faktorar, der den eine er arva frå mor og den andre frå far. Han ser òg at nokre trekk er dominante, mens andre er recessive. Han legg til grunn at kjønnscellene berre har halvparten så mange gen som vanlege celler.
-
I 1869 blir DNA for første gong identifisert. Det er den 25 år gamle sveitsaren Johann Friedreich Miescher som oppdagar DNA-et mens han studerer fosforrike koplingar i cellekjerna til blodceller. Han kallar koplinga «nuclein» sidan han starta med cellekjerna.
-
Det som Gregor Mendel omtalte som faktorar som skuldast arv, blir til «gen» i 1909. Det nye omgrepet kjem frå den danske botanikaren Wilhelm Johannsen.
-
Noreg vedtok ei steriliseringslov som opna for å sterilisere «sinnssjuke» og «åndssvake» med tvang. Lova var influert av såkalla eugenistiske idear, som går tilbake til Francis Galton i 1883. Eugenikk handla om at samfunnet kunne bli betre ved at personar med det ein trudde var gode arveeigenskapar, burde få fleire barn enn dei med dårlege arveeigenskapar. Då den norske steriliseringslova blei oppheva i 1977, hadde i alt 2100 personar blitt steriliserte ved tvang (Store norske leksikon).
-
Biokjemikaren Erwin Chargaff viser i 1950 at det er nøyaktig like mange guanin(G)- som cytosin(C)-basar og like mange adenin(A)- som tymidin(T)-basar. Tidlegare hadde ein trudd at det var like mykje av alle dei fire basane, og at den vesle forskjellen ein ofte såg, kom av unøyaktige målingar.
-
Framand DNA (DNA frå ein annan art) blir for første gong sett inn i planteceller.
-
DNA-analysar blir for første gong brukte til å stille diagnose på eit menneskefoster.
-
DNA-bevis blei for første gong brukt i ei norsk rettssak, i ei valdtektssak.
-
Kloninga av sauen Dolly blir kjend. Dolly, fødd 5. juli 1996, er det første klona pattedyret.
-
For første gong blir ein såkalla terapeutisk kreftvaksine, som bruker levande menneskeceller, godkjend for bruk i Europa. Vaksinen, som blir marknadsført under namnet Provenge, blir brukt til å behandle pasientar med prostatakreft.