6189468 4386743

Tidslinje - verda (1950-2020)

  • Period: to

    Rock and Roll gjer gjennombrot

    Den nye musikksjangrene "Rock and roll" tek verda med storm. Spesielt ungdom tar til seg denne sjangrene, ofte til foreldras store fortvilelse. Blant anna Elvis Presley og bandet Bill Haley and His Comets blir fort pionerer innanfor rocken, og i åra som følgde mange nye band i desse fotspora.
  • Period: to

    Koreakrigen

    I 1950 braut det ut krig mellom kommunistiske Nord-Korea, og kapitalistiske Sør-Korea. Sovjetstøtta nord gjorde stor framgang, og nesten heile Korea blei erobra. Dette snudde da FN styrkar leida av USA blanda seg inn, og til slutt stoppa krigen opp rundt den 38. breiddegrad. Etterkvart blei det erklæra våpenkvile mellom nord og sør, noko som framleis gjeld den dag i dag.
  • Sputnik 1 blir skutt opp

  • Berlinmuren blir bygd

    For å forhindre masseflukt til Vest-Tyskland beslutta myndigheitane i Aust-Tyskland seg for bygge ein mur som skulle dele Berlin mellom aust og vest. Tidlegare hadde det vore opne grenser mellom vest og aust Berlin, og mange brukte moglegheita til å røyme frå jernteppet. 12. august 1961 begynte konstruksjonen av muren bevokta av grensevakter frå DDR. Mange grenseovergangar blei stengde, og antalet på folk som kunne krysse blei begrensa. Berlinuren delte Tyskland heilt fram til 1989.
  • Period: to

    Cubakrisa

    Cuba hadde knytt sterke band til Sovjetunionen, og for å forsvare landet blei sovjetiske atomrakettar plassert på øya. Da eit amerikansk spionfly oppdaga desse rakettane oppstod det fullstendig panikk i landet, og etterkvart blei ei blokkande oppretta rundt Cuba. Etter mange hemmelege forhandlingar mellom USA og Sovjetunionen blei til slutt dei sovjetiske rakettane fjerna frå Cuba, medan USA måtte fjerne sine atomrakettar frå Italia og Tyrkia.
  • Månelandinga

    For ikkje å vere noko dårlegare en Sovjetunionen som berre nokre år tidlegare skaut det første menneske opp i verdsrommet, bestemte USA seg for å få dei første menneska til månen. Apollo 11 bemanna av Buzz Aldrin, Michael Collins og Neil Armstrong drog ut på reisa til månen, og 20. juli 1969 landa dei på månenes overflate. Neil Armstrong blei det første menneske til å setje sin fot på månen, medan millionar av menneske såg på verda over.
  • Watergate-skandalen

  • Period: to

    Diskomusikken gjer gjennombrot

    Utover 70-talet gjer ein ny musikksjanger kjent som "disko" gjennombrot over heile verda. Diskoen blir kjenneteikna av sine positive og glade tekstar og melodiar, og artistar som Michael Jackson og Bee Gees hjelp til med å auke sjangerens popularitet blant unge. Diskofilmen "Saturday Night Fever" blei fort ein kultkalssikar, og han tente over 200 millonar dollar.
  • Vietnamkrigen tek slutt

    Heilt sidan 1965 hadde amerikanske soldatar saman med sørvietnamesiske styrker, kjempa mot det kommunistiske nord og Vietcong. Utover 70-talet kom meir og meir av den brutale sannheiten til krigen fram, og motstanden vaks over heile verda. Spesielt i USA var mange misnøgde med krigen, og eit stadig press av sivilbefolkninga førte til at USAs innblanding i krigen blei redusert. I 1973 trakk dei siste amerikanske styrkane seg frå Vietnam, og etter berre to år fell Sør-Vietnam til kommunistane.
  • Period: to

    Hiv og aids blir eit problem

    I 1981 blei "det første" tilfelle av hiv oppdaga i San Fransisco, men truleg har dette viruset eksistert sidan 1920-talet. Sjølv om hiv aleine ikkje er dødeleg, så kan det fort utvikle seg til aids som fører til svikt av immunforsvaret. Når dette blei oppdaga oppstod det ei stor frykt for å få viruset over heile verda. Personar som hadde viruset blei ofte diskriminert, spesielt homofile. Etter mykje arbeid kom det i 1987 ein medisin som kunne sinke utviklinga av aids, men likevel ingen kur.
  • Tsjernobyl-ulykka

    Under ein risikabel test for å finne ut kor mykje atomreaktor 4 i Tsjernobylkomplekset kunne tåle, ekspolderte heile reaktoren med ei styrke 400 gonger større en i Hiroshima og Nagasaki. Tonnevis med radioaktivt material spreidde seg over heile Ukraina, og seinare heile Europa. Ein enorm innsats for å forhindre desse utselppa førte til at tusenvis av personar frå heile Sovjetunionen blei kalla inn for å hjelpe med å rydde opp. Ulykka var ei skandale for Sovjet, og han påverka store områder.
  • Berlinmurens fall

    Etter at regjeringa i Aust-Tyskland mista støtta frå Sovjetunionen, begynte innbyggjarane i DDR å protestere. Mange ønska meir friheit i landet, samt opne grenser mellom Aust- og Vest-Berlin. Etter mykje press samt ein nesten konkurs av landet, beslutta regjeringa i Aust-Tyskland å delevis opne grensa over ein lengre tidsperiode. Sjølv om dette var oppstod det ein misforståelse, som førte til at tusenvis av berlinerar samla seg utanfor muren. Til slutt opna muren, og Berlin blei gjenforeina.
  • Nelson Mandela blir lauslatt

    Sør-Afrika hadde lengre vore styrt av det kvite apartheid regimet, og Nelson Mandela hadde i mange år kjempa for dei svarte sine rettigheitar i landet. På grunn av dette blei Nelson Mandela arrestert, og fengsla på ei fangeøy. Som fange blei han svært dårlig behandla, og apartheid fekk stor internasjonal kritikk for dette. Etterkvart blei det opretta sanksjonar mot Sør-Afrika, og Apartheid regimet måtte etterkvart opne opp for forhandlingar. Etter mykje om og men blei Madela ti slutt lauslatt.
  • Period: to

    Konflikt i det gamle Jugoslavia

    Diktatoren Tito hadde klart å halde landet Jugoslavia saman, men etter at han døde blei det konflikt i landet. Dei forskjellige folkegruppene som tidlegare hadde budd saman begynte å krangle, og nye nasjonar veks fram som eit resultat av dette. Desse nasjonane fortsette å krangle, og etterkvart braut det gamle Jugoslavia ut i full krig. Tusenvis av personar mista livet, og fleire krigsforbrytelsar blei begått under krigane. FN og NATO måtte bryte inn i konflikta, og fekk etterkvart stoppa han.
  • Sovjetunionen går i oppløysing

    Gorbatsjov gjorde det han kunne for å betre forhalda i Sovjetunionen, men resultata var blanda. Sovjet hadde brukt opp nesten alle pengane sine og folk var minsnøgde. Etterkvart erklæra fleire sovjetrepublikkar sjølvstendigheit. Regjeringa i Moskva kunne ikkje gjere noko for å stoppe situasjonen, og etter eit feila kuppforsøk av kommunistane tok russiske nasjonalistar makta i landet. Boris Jeltsin tok over makta, og etter kort tid måtte Gorbatsjov gå av som president i Sovjetunionen.
  • 9/11

  • Indiahavet-tsunamien

    Ein serie med jordskjelv blei utløyst i Indiahavet nær Indonesia, det største på ein styrke målt til 9,3 MMS. Jordskjelva førte til at ei rekke med tsunamier spreidde seg til fleire land, men dei i søraust Asia blei ramma hardast. Nokre plassar var bølgene over 10 meter høge, og øydeleggelse og kaos spreidde seg fort. Nesten 300 tusen personar blei bekrefta omkomne, men det er antatt at rundt 350 tusen ubekrefta personar omkom. Rundt 1,5 millionar blei heimlause som eit resultat av tsunamiene.
  • Finanskrisa i 2008

    Etter at selskapet Lehman Brother gjekk konkurs oppstod ei økonomisk krise først i USA, men så over heile verda. Ei liknande økonomisk krise hadde ikkje skjedd sidan Wall Street-krakket i 1929, og tusenvis av personar mista jobbane sine. Bankar og bedriftar leid store tap under krisa, og det var dei utvikla landa finanskrisa gjekk hardst utover. I løpet av 2009 hadde mykje blitt betre, men likevel tok det fleire år og kome seg skikkelig. Framleis er det mange som føler konsekvensane av krisa.
  • Osama bin Laden blir drept

    Helit sidan 11. september hadde Osama bin Laden vore ein av verdas mest etterlyste personar. Bin Laden var leidaren for Al-Qaida, og spesielt USA jobba på spreng for å finne og eliminere han. Til slutt klara amerikanske spesialstyrker å spore opp bin Laden, nord for Islamabad i Pakistan. Ei skuddveksling oppstod, og under denne skuddvekslinga blei bin Laden skutt og drept. Kort tid etterpå bekrefta både presidenten i USA og Al-Qaida at dette stemte. Dette var ein stor siger for USA.
  • Ukraina-krisa

    Etter fleire år med interne problem for styresmaktane i Ukraina var landet i kaos. Ukrainske seperatistar støtta av Russland i Aust-Ukraina og på Krimhalvøya benytta sjansen til å okkupere store landområder, som dei meinte burde vere delar av Russland og ikkje Ukraina. Etter at ei tvilsom avstemming blei heldt i Krim blei det beslutta at halvøya skulle bli ein del av Russland, sjølv om Ukraina nekta. Valdelege konfliktar oppstod særleg i Aust-Ukraina, og fleire tusen personar har mista livet.
  • Period: to

    Koronaviruset

    Koronaviruset braut først ut på ein marknad i Wuhan i Kina, og viruset spreidde seg fort blant innbyggarane. Dette viruset hadde ikkje blitt oppdaga før, og det tok fleire veker før forskarar fann ut av kva denne nye sjukdommen var. Viruset spreidde seg etterkvart til resten av verda, og i mars 2020 blei viruset klassifisert som ein pandemi. Samfunn over heile verda måtte stengast heilt ned, og store økonomiske problem oppstod. Ca. 1,5 millionar har mista livet på grunn av viruset.