Norsk flagg

Språkhistorie

  • Norrønt
    Jan 1, 1000

    Norrønt

    Språket som blei snakka i det norrøne området frå kring 800 til 1350.
    Det norrøne området: Dei områda vikingane hadde lagt under seg: Noreg, Island, Færøyene, Shetland, Orknøyene, Grønland, Härjedalen, Jämtland, Bohuslän Kjelder til det norrøne språket:
    Runeinnskrifter, kongesoger, eddadikt, lovverk, religiøse skrifter, brev.
  • Kva skreiv dei med i norrøn tid?
    Jan 1, 1001

    Kva skreiv dei med i norrøn tid?

    Bøker og dokument blei skrive på pergament, som er rensa og tørka skinn frå kalv, sau eller geit.
    Skrivereiskapen var fjærpenn.
  • Litt om norrønt språk
    Jan 1, 1100

    Litt om norrønt språk

    Þat er hræddr maðr sem ekki þorir at skjalfa
    1. Norrønt har fleire bokstavar enn moderne norsk
    2. Norrønt har mange ulike former av same ord
    3. Norrønt har friare ordstilling
    4. I norrønt står adjektivet ofte etter substantivet
  • Norrønt språk går tapt
    Jan 1, 1350

    Norrønt språk går tapt

    Truleg døydde 2/3 av befolkninga i Noreg av Svartedauden i 1349. Dette førte til at det norrøne skriftspråket går tapt.
  • Noreg blir dansk provins
    Jan 1, 1380

    Noreg blir dansk provins

    Svartedauden avfolka Noreg, og det fanst ikkje lenger ein elite i landet som kunne oppretthalde den norske staten. Norsk styre hamna gradvis på utanlandske hender, og Noreg gjekk inn i union med Danmark i 1380. I 1536 blei det norske riksstyret oppheva og all suverenitet overført til Danmark. Noreg var ikkje lenger definert som noko anna enn dansk.
  • Boktrykkarkunsten - ein medierevolusjon
    Jan 10, 1430

    Boktrykkarkunsten - ein medierevolusjon

    Johan Gutenberg trykte den første boka i Europa.
    Han begynte å eksperimentere med trykk i 1430-åra.
    Den første masseproduserte boka som blei trykt i Gutenberg sitt trykkeri, var Bibelen på latin (ca. 1455).
  • Reformasjonen
    Jan 1, 1537

    Reformasjonen

    I Noreg blir reformasjonen innført med makt frå København i 1537. Dette førte til dansk oversetjing av Bibelen i 1550.