485799 10152136349970063 1743291434 n

Kitlarhistorie

  • "Bocciabane på døro?"

    "Bocciabane på døro?"
    Ein bocciabane er observert ute ved Storddøra. Under eit festleg lag hos Jon Buchvold blir petanquesporten diskutert, og Great Boules of Fire-spelaren er verdensmann og hadde ein brun koffert liggjande. Første økt var allereie same kveld. Kitlarane stilte med Arild Skjæveland, Henrik Vikanes Vervik og Eivind Sakseid på lag denne kvelden.
  • Sunnhordland kjem

    Sunnhordland kjem
    Bladet Sunnhordland sender journalist Jenny Kyvik for å dekka ei økt. Framtidig Kitlar Sindre Vikanes stikk av med sigeren denne kvelden.
  • Laguttak

    Laguttak
    Sindre Vikanes bestiller seg tur til Berlin og må melda forfall. Den slepne handballspelaren Magnus Kongestøl vert henta inn som erstattar for turneringa to månedar etter.
  • Den store dagen

    Den store dagen
    Me knusar all motstand. Alle leverar perfekt frå første kast til siste, og Swing Team blir feid av banen etter ein treig finalestart. Ei heilt fantastisk turnering.
  • Skandalen

    Skandalen
    Kitlarane blir for fulle på banketten, og gløymer igjen pokalen etter å ha blitt intervjua på scenen på Arena. Den stikk Joar Hystad, Bjarte Epland og Gaute Epland av med, og graver den ned på ukjend stad i Leirvik sentrum. Pokalen er enno ikkje funnen.
  • Turneringssiger

    Turneringssiger
    Kitlarane har investert i ein ny stilig koffert, og tek den med seg til ei privat organisert sekslagsturnering på grusen på Åsbanen. Joar Hystad leverer på eit veldig høgt nivå, og laget ser ut til å vera i rute til siger nummer to.
  • Den håplause feilvurderinga

    Den håplause feilvurderinga
    Lagkapteinen gjer ei håplaus feilvurdering på laguttaket. Henrik Vikanes Vervik må melda forfall, og inn kjem Joar Hystad. "Handballspelarar er nok vegen ein må gå" vart sagt, og Sindre Vikanes blir vraka. Det er Sindre Vikanes som slår ut Kitlarane, allereie i kvartfinalen. Vikanes tek seg vidare til finalen, kor han går på ein smell mot nokre amerikanarar.
  • Escien

    Escien
    Igjen er Henrik Vikanes nødt til å melda forfall, men handballgutane er vekke. Sindre Vikanes og Arild Skjæveland, som får med seg ringreven Svein Inge Frotjold. I år vert turneringa arrangert på Osvald Pub, av Stord handball.
    Av ein eller annan idiotisk grunn er det slik at oppsettet gjer at tre lag møtes i finalen. Sympatiske Joar Losnegård sitt lag trekk det lengste strået, medan Kitlarane slår ein kranglete McKenzie og Nissebo, og stikk av med ein andreplass.
  • Den store gåva

    Den store gåva
    Kunstnar og bocciafanatikar Jørund Fjøsne donerar eit nydeleg Obut-sett til Kitlarane.
  • Kvartfinaletapet

    Kvartfinaletapet
    Kitlarane speler ei god turnering utanføre Osvald Pub på Bocciafest 12, men går på ein smell og ryk ut i kvartfinalen mot Osvald Boccia Team som flyt på ei medgangsbølgje som ikkje liknar grisen.
    Litt meir flyt, litt meir marginar, og tittel nummer to hadde definitivt vore i boks.
  • Kitlarane kjem på Twitter

    Kitlarane kjem på Twitter