- 
  
  Martin Luther protesterte mot utviklingai den katolske kyrkja. Dermed begynner reformasjonen i Wittenberg i Tyskland.
 - 
  
  Den anglikanske kyrkja blir grunnlagd når kong Henrik 8. bryt med paven og blir leiaren for kyrkja i England.
 - 
  
  Jean Calvin tek makta i Genève i Sveits og innfører strenge religiøse lover. Dei reformerte kyrkjene blir prega av læra hans. Dei er særleg utbreidde i Sveits, Nederland, Skottland, USA og Sør-Afrika.
 - 
  
  Jesuittane, ei gruppe munkar leidd av Ignatius Loyola, blir godkjende av paven. Dei arbeider aktivt for den katolske kyrkja i Europa, og dei driv kristen misjon både i Amerika, Asia og Afrika.
 - 
  
  Stort katolsk kyrkjemøte i Trient (Trento) i Italia. Mange tiltak blir sette i verk for å styrkje og fornye den katolske kyrkja.
 - 
  
  Fleire krigar og religiøse forfølgingar i Europa, mellom anna på grunn av motsetningane mellom dei kristne retningane. Trettiårskrigen frå 1618 til 1648 var ein av desse krigane. Tru på hekser og heksebrenning var òg vanleg i denne perioden.
 - 
  
  Engelske baptistar rømmer til Amsterdam og grunnlegg ei baptistkyrkje der.
 - 
  
  Rekigiøse utvandrarar dreg frå England til Nord-Amerika med skipet "Mayflower". Seinare kjem fleire forfølgde kristne grupper frå Europa og finn ein fristad i Amerika, mellom anna baptistar og kvekarar.